Verdas helsedag: Dette meiner nordmenn om private helse- og velferdsbedrifter

Publisert

Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerende direktør i NHO Service og Handel. Foto: Pressure.

Stadig fleire nordmenn trur at det offentlege helsevesenet ikkje vil klare å dekkje samfunnets framtidige behov for helse- og omsorgstjenester utan hjelp frå private aktørar, viser ei fersk Kantar-undersøkjing. Oppgangen sidan i fjor er markant.

Torsdag 7. april, på Verdas helsedag, blir landets største undersøkjing av nordmenns haldningar i helsepolitiske spørsmål, lansert. Undersøkjinga Helsepolitisk barometer blir gjennomført årleg, og dette er den sjuande i rekkja.

- To år med pandemi har sett sitt preg på folk når det kjem til helsepolitiske haldningar. Overordna ser vi at majoriteten av oss stiller seg positive til private helsetenester, og påkjenninga på helsetenesta dei siste åra har trulig bidrege til at fleire trur at helsevesenet ikkje vil klare å levere alle tenester aleine, utan hjelp frå private aktørar. Folk er bekymra for framtida og då er det er særleg bemanningssituasjonen i helsevesenet som utmerkar seg, seier Eva Fosby Livgard, avdelingsleiar i Kantar og ansvarleg for Helsepolitisk barometer.

Her kan du se resultatene fra undersøkelsen. Helsepolitisk barometer 2022.pdf

- Må satse vidare på samarbeid

Eit av dei sentrale funna i årets helsebarometer er at stadig fleire nordmenn ikkje tru at det offentlege helsevesenet vil vere i stand til å dekkje framtidige behov for helse- og omsorgstenester utan hjelp frå private aktørar. Hele 55 prosent er heilt eller delvis ueinig i at det offentlege vil klare seg aleine. Dette er ein auke på 9 prosentpoeng samanlikna med 2020.

- Dette spørsmålet har bransjeforeininga for helse og velferd i NHO stilt i helsebarometeret kvart år sidan 2019. Utviklinga gir ein indikasjon på at folk i stadig større grad ser kva verdi private helse- og velferdsaktørar, som samarbeider med det offentlige, har i velferdssamfunnet vårt, sier Anne-Cecilie Kaltenborn, administrerande direktør i NHO Service og Handel, som blant anna representerer helse- og velferdsbransjen.

- Det er ikkje tvil om at krisene vi som samfunn har måtta handtere dei siste åra, koronakrisa og no ei påtroppande flyktningkrise som følgje av invasjonen av Ukraina, har vist kor sårbart helsevesenet vårt er. Samtidig ser vi at velferdssamfunnet vårt, som er bygt på samarbeid mellom offentlege og private aktørar, har bestått prøvelsane så langt. Dette betyr at velferdsmiksen - nemleg samarbeidet mellom offentlege og private aktørar - er ei suksessoppskrift som bør vere fundamentet også for framtidas velferdssamfunn, sier Kaltenborn.  

Kvalitet først

Kantar-undersøkinga viser vidare at for 75 prosent av oss er det viktigare å få den hjelpa vi treng, enn kven (altså om det er offentleg eller privat sektor) som leverer den. Og for 69 prosent spelar det ingen rolle kva for helseaktør som leverer dei offentleg finansierte helse- og omsorgstenestene, så lenge kvaliteten er god. Disse tala har halde seg relativt stabile sidan 2019.

- Dette viser at befolkninga først og fremst er opptatt av å få helse- og velferdstenester av god kvalitet som del av det offentlege sitt ansvar. Kven som leverer, om det er offentleg, privat eller ideell verksemd, betyr ikkje så mykje, sier Kaltenborn, som minner om at 90 prosent av både kommunehelsetenester og sjukehus er eigd og drive av det offentlege.

Hun understrekar at ein velferdsmiks, som vi har lang tradisjon for i Noreg, er oppskrifta for å unngå eit todelt helsevesen i framtida. Då kan alle, uavhengig av den enkeltes økonomi, velgje private tenester, som for eksempel under koronapandemien når mange kommunar inngjekk avtalar med private bedrifter om testing og vaksinering. Det gjorde at alle kunne velgje ein privat aktør utan at det kosta noko ekstra.

-  Tal eldre over 80 år vil meir enn doble seg dei neste tiåra. Om berre ti år vil det for første gang vere fleire eldre enn barn, og stadig flere eldre gjer at hjelpebehovet vil auke betrakteleg. Det krev enorm kapasitet, fagfolk og økonomiske ressursar. Fordi behova blir så formidable, utfordrar dette alle velferdsordningane våre. Offentlege, ideelle og private aktørar har forskjellige styrkar og svakheiter, og vi må jobbe saman for å tryggje den norske velferden, sier Kaltenborn.

Her er hovedfunna:
  • 55 prosent trur ikkje det offentlige helsevesenet vil være i stand til å dekkje samfunnets framtidige behov for helse- og omsorgstenester utan hjelp frå private.
  • For 75 prosent av befolkninga er det viktigare å få den hjelpa ein treng enn kven som leverer den.
  • For 69 prosent av befolkninga spelar det ingen rolle hva helseaktør som leverer dei offentleg finansierte helse- og omsorgstenestene viss kvaliteten er god.
  • 50 prosent er enige i at private selskap må kunne tene pengar på å utføre velferdstenester for det offentlege.
  • Ved behov for heimehjelp ønskjer dei fleste (74 prosent) å kunne velgje kven som kjem og når hjelpa skal komme.
  • Dersom staten finansierte ein del av kostnaden, ville 61 prosent sannsynlegvis ha kjøpt enkle tenester for å kunne bu heime lengre.
Om Helsepolitisk barometer:
  • Kantar Helsepolitisk barometer er ei uavhengig undersøkjing.
  • Målinga er utvikla og eigd av Kantar.
  • Samarbeidspartnarar for Helsepolitisk barometer er blant andre NHO Service og Handel, Norsk Sykepleierforbund, Psykologforeningen, Senter for et aldersvennlig Norge m.fl.
  • Formålet med undersøkinga er å kartleggje befolkninga sine haldningar i helsepolitiske spørsmål.
  • Dette er sjuande året undersøkinga blir gjennomført.
  • Meir enn 2000 respondentar.
  • Datainnsamling er gjort mellom 10. desember 2021 og 10. januar 2022.

Her kan du sjå Kantars presentasjon av tala.

Fant du det du lette etter?

Fant du det du lette etter?

Gi oss gjerne en kommentar i tillegg - hvordan kan vi forbedre oss?

Takk for kommentaren!

Kommentar sendt